Nanquan 南拳
Nanquan ( direkte oversatt: "southern fist") er nemninga på ytre stilarter frå Sør-Kina (sør for Yangzi elva ) og har ein historie på ca 300-400 år.
Nanquan er spesielt populært i
Sør-Kina der den har sine røtter, men den er no utbreidd over heile
verda, og er ein av dei tre konkuransegreinene i moderne wushu. Nanquan
som konkuransegrein er ein moderne stilart som vart laga på 60-talet,
med bakgrunn i tradisjonelle stilarter frå Sør-Kina.
I nanquan skal kroppen skal vere fast og stødig, og ikkje avslappa
som i taijiquan eller changchuan.
Ein må bruke musklene i heile kroppen for å oppnå styrken og
fastheten som
karakteriserer nanquan, og som
gjev den nødvendige kraften til armane. For å få dette til må ein
synke inn brystet litt og rette ut ryggen. Stabil, lav mabu ("horse
riding stance") er ein forutsetning for denne stilarten, og å stå i
mabu er ein viktig del av grunntreninga. Mabustillinga skal vere
stødig og som planta i jorden. Sjølv om ein skal bruke alle musklene
og vere "fast", skal ein ikkje vere stiv, skuldrene må vere senka, og
ein må vere avslappa dei rette plassane for å kunne gjere bevegelsane
hurtig.
Faste, intrikate, sterke armbevegelser er typisk for stilarten og den
delen av armen som er mellom albuen og fingertuppene er mykje brukt og
vert kalla "bridge". Exempler på slike bevegelser er "Rolling
bridge", "Cutting bridge", "Chopping bridge", "Pulling bridge" og
"Threading bridge". Desse teknikkane bruker denne delen av armen til å
blokkere angrep og til å angripe motstanderen. Fingrane er også mykje
brukt blandt anna i "Dart palm" og "Tiger palm". I nanquan nytter ein
ofte mange håndteknikker i kvar
stilling utan at ein skifter fotstilling.
Kraften i nanquan kjem frå
beina, vert styrt gjennom hofta og kjem deretter til utrykk i hendene
eller armene. I nanquan er det vanleg å fyrst lagre kraften og så
sleppe den laus på ein rask og direkte måte med mykje styrke. Denne
metoden er kalla "store and release" og er ofte kjenneteikna av ein
kort pause før bevegelsen kjem. I nanquan bruker ein ulike rop og
lyder for å få ut og understreke kraften. Ropa vert nytta i ulike
spark, slag og andre teknikker.
Som i alle stilarter frå Kina er stillingane mabu, gungbu og xubu
viktige.
Nokre særeigne stillinger nytta i nanquan er "Dragon riding stance",
"Kneeling stance" og "Kyling stance" (eit karakteristisk krysssteg
som er mykje brukt).
Nanquan innheldt få hopp og høge spark i forhold til changchuan,
derav uttrykket "southeren boxing, northeren leg". I 2003 endra
International Wushu Federation (IWUF) reglene for konkuransenanquan
slik at hopp og vanskelege bevegelser no er obligatorisk i taoluer i
internasjonale konkuranser.
Dei tradisjonelle stilartane frå
Sør-Kina inkluderer mange våpen, og to av dei er tatt med i
konkuranse nanquan. Nangun (southern staff) og Nandao (southern
broadsword) har samme kjenneteikn som håndformen og er basert på
teknikker frå dei tradisjonelle stilene. For å bli god i nanquan må
ein trene hardt og tilstrebe å utrykke det som er særeige for
stilarten.

